
Smittevern ved begravelser
Oppdatert 17. januar 2022
I lys av endringar i smittevernreglane kan vi no opne opp igjen for arrangement (gravferde, bisetting, gudsteneste....) med inntil 200 deltakarar, gitt at ein ivaretar krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstad og øvrige krav til smittevern (sjå nedanfor). Grunnen til at vi kan opne opp for dette er at kravet om fastmonterte seter er endra til faste tilviste seteplassar. «Tilvist» betyr at plassane enten er nummererte eller at vertar/vakter henviser deltakarane til nærmare bestemte plassar.
Regjeringa presiserer at smittesituasjonen i landet framleis er ustabil og med fare for smitteauking, og seier at ein ikkje bør delta på arrangement i anna kommune enn heimkommunen. Dette for å unngå å samle personar frå ulike kommunar.
Minner elles om at Kyrkja aktivt skal bidra i den nasjonale dugnaden mot koronasmitte. Det stilles difor krav til maks antall, avstand, hygiene, reinhald og oversikt over kven som er til stede (smittesporing). Den (namngitt person) som har ansvaret for aktiviteten/arrangementet skal sette seg godt inn i dei krav som vert stilt til smittevern.
1. Alle som deltek skal være friske (utan symtom på akutt luftveginfeksjon).
2. Det skal være ein dedikert smittevernansvarleg under heile aktiviteten/arrangementet.
3. Det skal førast liste over alle som deltek (lista skal makulerast etter 14 dagar).
4. Hald minst 1 meter avstand til kvarandre. Personar som elles bur saman kan sitte, klemme, gråte saman i kyrkja.
5. Vask hendene / ta på handsprit ofte, spesielt før inngang og før eventuell matservering.
6. Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
7. Ein kan ha matservering gitt at gjeldande smittevernråd blir fulgt. Namngitt smittevernansvarleg skal sikre dette.
8. I etterkant skal den smittevernansvarlege gå over og vaske/desinfisere alle kontaktflater (inventar og utstyr) som er berørt. Det skal
signerast for utført Korona-reinhald.